For tida kan du sjå ein todelt dokumentar om Boris Becker på NRKs nettspelar. Du får mest utbytte av han om du bryr deg meir om kjendisen Becker enn tennisspelaren.
For her er det fint lite om kva som gjorde at Becker vann seks Grand Slam-titlar frå 1985 til 1996. Heile den vestlege jordkula veit at Becker hadde ein hard serve, men stort mykje nærmare tennisspelaren kjem du ikkje i denne dokumentaren. Mange har serva hardare enn Becker både før og etter hans tid, så kvifor har dei så tomme troféskåp i forhold til han? Ein av dei få tennisspelarane i filmen er Pat Cash (Wimbledon-vinnar 1987), han får vel omtrent eitt minutts skjermtid.
Nei, dette er ein dokumentar om kjendisen Boris Becker. Når du vinn Wimbledon som 17-åring, blir livet aldri det same igjen. Filmen tøtsjar såvidt borti kombinasjonen av tid og stad som utslagsgjevande for den enorme Becker-effekten: Vest-Tyskland flaut ikkje over av karismatiske idol i 1985, same kva du måtte meine om Hans-Peter Briegel og Modern Talking. Becker var eit friskt pust.
Det mest imponerande i Beckers karriere er i mine auge at han vann Wimbledon igjen året etter, mot Ivan Lendl i finalen. Derfrå og ut kladda det litt meir, sjølv om han vann Wimbledon igjen i 1989, US Open 1989 og Australian Open 1991 og 1996. John Feinsteins fascinerande bok Hard courts, om tennisåret 1990, skildrar ein Boris Becker som har vanskeleg for å konsentrere seg, og er på veg ut av sporten.
Den same rastløysa går igjen i føljetongen om Becker etter tennisen. Det er kvinner, investeringar og flyttingar i stor skala, kor Becker sjølv framstår som både nokså naiv, ansvarslaus og samtidig særs menneskeleg, trass alt.
Som sagt, du får lite tennis i denne dokumentaren, men blir rikeleg oppdatert på alt Boris Becker har gjort sidan han la opp i 1999. Å sjå bileta frå den turneringa, var som å sjå ein gammal mann. Becker var 32, altså fire år yngre enn den Novak Djokovic som held leikestove med ATP-touren år etter år. Å vere fritt vilt frå tenåra av sette sitt preg på Boris Becker, og eg er glad for at han endeleg ser ut til å vere inne i ein god periode, som trenar for Holger Rune.