Tennisbanene på Varhaug

Tennisbane på Varhaug

Bønder spelar ikkje tennis, slo Herbjørn Sørebø fast i 1972. Vel, dersom eg var bonde på Jæren, ville eg mykje heller spelt tennis enn badminton. Det er få vindlause godvérdagar der.

Jæren: Terra incognita ein halvtime sør for Stavanger. Der dei «trur på skillingen og trøyster seg til Gud». Der dugnadsanda er sterk og kakestykka i kiosken på Jæren Sparebank Arena på storleik med ein halv murstein. Der grøden er endelaus, og fotballbane med naturgras ein så sjølvsagt ting at på ein nydeleg septemberlaurdag er ho heilt fri for born.

Bønder (og andre) som vil spele tennis på Varhaug, kan gjere det på idrettsanlegget. At dei to tennisbanene finst, viser at Herbjørn Sørebø tok feil, men banetilstanden tyder på at han ikkje var heilt på viddene. Dei to banane ligg i eit hjørne av idrettsparken, og er teikna inn på asfalten. Malinga er nedslitt og underlaget ruglete (men uten hol, så vidt eg kunne sjå). Det vil ikkje koste mykje å oppgradere dei til grei standard. Til dømes har Sandnes kommune har ein tolv år lang suksess med offentlege tennisbanar som dei sikkert kan videreformidle og erfaringsoverføre til Hå kommune i eit formiddagsmøte.

Just saying, som det heiter.

Her er oversikt over tennisbaner eg kjenner til i Rogaland og omegn.

Av Åsmund Ådnøy

Skriver tennisbloggen. Bor i Stavanger. Tennisspiller med præriestore rom for forbedring.

Legg igjen en kommentar