Bjørn Borg snakkar. Her er kortversjonen.

ATP - herretennisEi venninne av meg flytta til Sverige tidlegare i haust. Ho kjem stundom på besøk i gamlebyen, sidan ho framleis gjer jobbar her. På ein slik tur i haust hadde ho med seg magasindelen av Dagens Industri, ei svensk avis. Den fekk eg, for dei hadde snakka med Bjørn Borg.

Kvar gong eg seg klipp av Borg på YouTube, slår det meg at han sjølvsagt måtte bli eit idol på ein heilt annan måte enn til dømes John McEnroe og Jimmy Connors. Det såg alltid ut som det gjekk føre seg mykje spanande inne i hovudet hans. McEnroe såg plaga ut og Connors hadde utstråling som ei skulebølle, men Borg hadde ei boble av løyndom (ah! gleda ved å skrive nynorsk!) rundt seg.

Eg har sett Borg bli intervjua på tv av og til dei siste åra. Desse intervjua røpar at det neppe skjedde så mykje avansert på innsida av skallen hans, bortsett frå fokus på neste ball. Og det er jo heile poenget med tennis, men nokon stor filosof har ikkje akademia gått glipp av i Bjørn Borg.

Uansett. Her er stikkord frå intervjuet i Dagens Industri:

  • Borg tapte finalen av US Open i 1981 mot John McEnroe. Han køyrde rett til huset sitt på Long Island og hoppa i bassenget. Han visste at han ikkje skulle spele fleire Grand Slam-turneringar. Ikkje utbrend, men det var ganske enkelt ikkje kjekt lenger. «Gleda kom ikkje lenger frå hjarta, slik ho må gjere», seier Borg i intervjuet.
  • Borg har blitt spurt om å delta i Mesternes mester på SVT (kanskje ikkje så overraskande?), men takka nei kvar gong.
  • Borg ser ingen problem med at dei beste spelarane i 2013 får godt betalt. «Dei er verd kvar einaste krone, så hardt som dei kjempar».
  • Borg spelar tennis tre gonger i veka, med ein gammal Dunlop-racket.
  • Borg får stadig spørsmål om å skrive sjølvbiografi, men er lite interessert.

Av Åsmund Ådnøy

Skriver tennisbloggen. Bor i Stavanger. Tennisspiller med præriestore rom for forbedring.

1 kommentar

Legg igjen en kommentar til Holmis Avbryt svar